Handle kjøt, mjølk, ost og andre matvarer
Det er ei kvote på til saman 10 kilo kjøt, kjøtvarer, ost og fôrvarer når du reiser til Noreg frå eit anna EØS-land.
Denne grensa på 10 kilo gjeld ikkje hunde- og kattemat, berre anna dyrefôr.
Ut over kvota er det som avgjer kor mykje matvarer du kan handle utan å betale norske avgifter.
Kjøt- og mjølkeprodukt frå land utanfor EØS
Du kan ikkje innføre kjøt- og mjølkeprodukter i den personlege bagasjen din eller i postsendingar frå land utanfor utan godkjenning frå Mattilsynet.
Les meir om særskilde reglar for kjøt- og mjølkeprodukt frå land utanfor EØS
Potetar
Det er ikkje tillate å innføre potetar til Noreg utan særleg løyve.
Aldersgrense for barn
Barn kan berre ta med seg mineralvatn, sjokolade- og sukkervarer tollavgift- og avgiftsfritt. Dersom dei skal ta med seg andre matvarer tollavgift- og avgiftsfritt, må dei vere fylt 12 år.
Regelverk
Vareførselsforskriften § 12-11-1 (1) f)
Satser for forenklet forelegg for ulovlig innførsel av kjøtt
Vareførselsforskriften § 4-1-13 (1) Aldersgrenser
Mattilsynet forvaltar regelverket
Mattilsynet forvaltar regelverket for import av mat. Les mer på mattilsynet.no:
- Privat import av mat
- Liste over matvarer som har spesielle regler (beskyttelsestiltak på grunn av risiko for sykdom, smitte, forurensning)
Handle frukt, grønsaker, planter, blomar og frø
Når du reiser sjøl, er det grense for kva du kan ta med deg av grønsaker, frukt, bær, planter og frø til Noreg.
Les meir
Oppdatert: 25.2.2021