Utførsel av våpen

Våpenlova eller eksportkontrollova regulerer utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon. Kva for lov som gjeld kjem an på kva for type utførsel det er snakk om.

Grensepassering med våpen, våpendelar og ammunisjon

Når du skal passere grensa med våpen, våpendelar og ammunisjon skal du leggje fram våpen og dokumentasjon til Tolletaten for kontroll.

Ved innpasseringsstader der det er innført raud og grøn sone, må du gå på raud sone. Tolletaten kan og vil ta beslag i skytevåpen som vert avdekt i kontroll på grøn sone sjølv om løyvet er i orden.

  • Gå på raud sone
    • Dersom du har eit gyldig løyve frå politiet til å inn- eller utføre eit våpen.
  • Gå på raud sone
    • Dersom du har kjøpt eit våpen i utlandet, uavhengig av om det er innanfor eller utanfor verdigrensa.
  • Unnataket:
    Gå på grøn sone
    • Dersom du har et gyldig våpenpass og reiser innanfor EU/EØS.


Tolletaten kan og vil ta beslag i våpen som vi finn i kontroll på grøn sone sjølv om løyvet er i orden. Det einaste unnataket er dersom du reiser med eit gyldig våpenpass.

Utførsel i næringssamanheng

For utførsel i næringssamanheng (ervervsmessig) utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon gjelder Utenriksdepartementets reglar. Sjå våpenlova § 22. (Eit døme på ervervsmessig utførsel er når registrerte våpenhandlarar sel våpen ut av Noreg)

Reglane gjeld også ved utførsel knytta til privat sal til utlandet. For utførsel av våpen med vidare, som er regulert i dette regelverket krev styresmaktane utførselslisens. For nærare informasjon, sjå www.eksportkontroll.no.

Utførsel i privat samanheng

For utførsel av skytevåpen, våpendeler og ammunisjon i privat samanheng (ikkje-ervervsmessig) gjelder våpenforskrifta.

Dersom utførselen skal gjelde permanent, som ved sal eller gåve, må du ha løyve (tillatelse) frå politimesteren. Krav om løyve gjelder også skytevåpen som er deaktivert i samsvar med våpenforskrifta § 27. Sjå meir informasjon på politi.no

Dersom du skal utføre våpenet mellombels (midlertidig), til dømes i samband med jakt eller konkurranse, gjeld andre reglar. Sjå reise med våpen.


Oppdatert: 25.1.2022