Gå til innhold

Nytt regelverk skal hindre piratkopiar over grensa

Foto: Thor Håkon Ulstad / Tolletaten

Piratkopierte varer har eit enormt omfang og er ein trussel for miljø, helse og sikkerheit. Nye endringar i tollova skal styrke Tolletaten sin kontroll med ulovleg handel av piratkopiar og merkevareforfalskingar, opplyser Tolletaten.

Med den nye regelverksendringa i tollova kapittel 15 kan etaten no stoppe postsendingar der kun avsendar driv næringsverksemd. I praksis vil dette seie at Tolletaten kan halde tilbake og destruere piratkopiar i mindre sendingar, også der mottakar er ein privatperson.


– Som privatperson risikerer du å betale for ei falsk vare som du aldri får. Vi gjer dette blant anna for å beskytte samfunnet mot varer som er skadelege for miljøet og helsa vår. Det aukar også våre sjansar for å stoppe farlege varer som ungane våre leiker med, ulovleg handel med piratkopiar og alvorleg organisert kriminalitet, seier avdelingsdirektør i Tolletaten, Anna Kirkeluten.


Verdiar for 900 milliardar

Tolletaten avdekkjer, holder tilbake varer og varslar rettshavar viss det er grunngjeven mistanke om brot på immaterielle rettigheiter ved import eller eksport. Blant varer som blir piratkopierte finn Tolletaten både klede, elektronikk, legemiddel og bildelar.
Piratkopierte varer har eit enormt omfang, og trusselen industrien utgjer for både helse, miljø, sikkerheit og næringsliv er stor. Europol sine tal viser at 5,8 prosent av alle varer som kjem til Europa er piratkopierte varer – dette utgjer verdiar for om lag 900 milliardar kroner.


Usikre på om varer er ekte


I alt 43 prosent av dei som vart spurt om kjøp av piratvarer opplyser at dei er usikre på om dei kjøper ekte eller falske varer på nett. Det viser ei landsomfattande undersøking utført av Tolletaten og Patentstyret i april i år. Resultata viser også blant anna at nordmenn har høg aksept for piratkopier og at fleire blir lurt når dei handlar på nett.
– Undersøkinga fortel at forbrukarar i auka grad er opptatt av å unngå kjøp av piratvarer. Dei som handlar på nett seier årsaka til det er at dei ikkje vil støtte opp om organisert, kriminalitet, utnytting av sårbar arbeidskraft, og at falske varer ikkje oppfyller gjeldande miljøkrav, seier seniorrådgivar Hedvig Bengtson i Patentstyret.

Les meir om privatimport av piratkopiar 

Les meir om regelverket for piratkopier (IPR)

Piratkopiar og EU: EU Policy Cycle/EMPACT

Slik vel du ekte: Velgekte.no