Gå til innhold

Mellombels utførsel

Varer som skal mellombels til utlandet må du deklarere varene som ein mellombels utførsel overfor Tolletaten. Ved å gjere dette vil du kunne sleppe å betale avgifter for varene når dei kjem attende til Noreg.

Denne nettsiden er under arbeid, og er foreløpig ikke oppdatert etter den nye vareførselsloven og tollavgiftsloven som gjelder fra 1. januar 2023.

Ver merksam på at du vil måtte betale avgifter for varer som har vore mellombels (midlertidig) ute for reparasjon, bearbeiding og så vidare når du betaler for reparasjonen/bearbeidinga. I dei tilfella der du sender varene ut som ein mellombels utførsel, betaler du berre avgifter for kostnadene knytt til reparasjonen/bearbeidinga, frakt tur/retur og forsikring.

Eigne prosedyrekodar

Når du utfører  varer mellombels, skal du nytte  prosedyrekodane for mellombels utførsel.  Informasjon om disse finn du i utfyllingsreglane for utførselsdeklarasjonen, under rubrikk "37 Prosedyre".

Også ved gjeninnførsel skal du nytte eigne prosedyrekodar. Disse finn du i utfyllingsreglane for innførselsdeklarasjonen «37 Prosedyre».

Du må deklarere varene

Både når du skal utføre varene og når du skal gjeninnføre dei, må du deklarere dei til Tolletaten. Ver klar over at du må få deklarasjonen godkjend av Tolletaten før du kan utføre varene.

Det er alternativ til tolldeklarasjonen for å deklarere varer til mellombels utførsel. Eit alternativ er ATA-carnet. Ver merksam på at du ikkje kan nytte ATA-carnet dersom du utfører  varene for reparasjon/bearbeiding som du skal betale for.