Gå til innhold

[Utgått]Andorra knyter seg til NCTS

Andorra knyter seg opp til NCTS frå 14. juni 2007.
Toll- og avgiftsdirektoratet har motteke informasjon frå EU Kommisjonen om at Andorra vil knyte seg  til  NCTS frå 14. juni 2007 via Belgia sitt elektroniske transitteringssystem. 
 
Direktoratet vil imidlertid peika på at Andorra og San Marino ikkje er avtalepartar til Transitteringskonvensjonen. Norske hovudansvarlige kan derfor ikkje starta opp transitteringar til desse landa.
 
EU har imidlertid inngått avtale med både Andorra og San Marino, og transportørar i EU kan nytta Fellesskapstransittering (Community Transit) til dei nemnde landa. NCTS er utvikla slik at det kan nyttas  for både Fellesskaps- og Fellestransittering og tollstadlista (COL) vil derfor frå 14. juni også innehalde tollstader i Andorra.
 
Garantiane som er registrerte i det elektroniske garantisystemet (GMS) skal imidlertid ikkje gjelda for Andorra og San Marino.
 
San Marino sin tilknyting til NCTS er framleis under planlegging og det er ikkje sett ein endelig dato for implementering.